Warning: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, no array or string given in /home/u/u8644526/www/wp-includes/class-wp-hook.php on line 286

Årets første green-klipp i ettermiddag!

Da er første green-klipp unnagjort, kom og spel og gled dykk med oss over sesongstart! Greenane har overvintra veldig fint i år, så det ligg an til ein bra sesong. Klippehøgde vart sett til 6,5 mm. Nokre greenar har vore snøfrie lenge og kome godt i gang, andre har hatt snø lenger. 8-aren hadde mykje snø for 5 dagar sidan, og det låg då også ei lita snøfonn i bakkekanten på 1-aren. Så der er det naturleg nok ikkje særleg grønt enno.

Drivingrangen er open og har vore i bruk fleire dagar og kveldar allereie.

Det vert kalla inn til dugnad no i neste veke, så då vert greenane lufta, vertikalskorne og dressa – så fram til då vil det vere litt ujamt her og der, men kom gjerne og ta første runde i helga. Vi set ut kaffe og vafler. Velkomne skal de være!

Mvh team Overvoll

 

førsteGreenklipp2016

Posted in: Uncategorized
Tags:
Comments Off on Årets første green-klipp i ettermiddag!

Comments are closed.